fredag 25. september 2009

Analyse av Dagfinn Nordbøs "Udugelige offentlige ansatte"

Namn: Dagfinn Nordbø
Yrke: Barnevernspedagog og tekstforfattar
Hovud bodskap: Få fram kor dårleg offentleg tilbod vi har i Noreg.


Teksten handlar om kva Dagfinn Nordbø meiner om dagens tilbod i det offentlege.
Han får frem i teksten kor dårleg tilbodet til oss som innbyggjarar eigentleg er.
Han visar til mange eksemplar på kvar systemet vårt svikter. Han visar også til eksemplar om hendingar som har funne stad, og kva for hjelp desse menneska har fått, anten gjennom NAV eller bare den offentlege helsesektoren generelt.
I nokon døme handlar det om pengar, folk som har vorte sjuke, som no sitt igjen med stor gjeld pga, det norske skattesystemet, og at ingen er villige til og gjera unntak.

Nordbø framstillar det som om at "alle" som ønskjer, får jobb i helsesektoren, dersom dei ønskjer. Attpåtilt uansett om dei er flinke eller ei, får dei jobb.
Sitat: slik er tankegangen:” Bare man får ansatt nok folk, vil alle problem løse seg. Dette er en uhyre farlig vei å gå, særlig når man vet at det i offentlig sektor befinner seg et stort antall mennesker som overhodet ikke har noe der å gjøre”.

Han fortsett vidare med og fortelja om alle ufaglærte og inkompetente som er ansatt i helsesektoren. Han fortel om innsparing av pengar, på denne måten blir dei som er "billige i drift" ansatt til og gå dei vaktene som kostar staten pengar. Her legg han spesielt vekt på psykiatrien. Her skal det spares på alle midlar. Her fortel han om studentar og ufaglærte som tar nattevakter, og som helst bare vil at det skal være fred og ro på avdelinga, sånn at de kan, ifølge Nordbø, Sitat: ” hengi seg sitt strikketøy, sitt mellomfag eller sin Stieg Larsson-roman”.

Nordbø legg frem eksemplar frå sin eigen bekjentskap, om korleis ei han har kjennskap til, har vorte behandla av det norske offentlege systemet. Han fortel om ei bekjent som vart sjukemeldt over ein lengre periode, der namsmannen konfiskerte alle middlene hennar pga. gjeld ho hadde påført seg i sjukdomsperioden. Ho enda opp utan ei krone. Ho hadde i tillegg to ungar og forsørgje.

Et meir offentlig eksempel blir også tatt i bruk. Komikaren Jon Schau blei slått konkurs av kemneren då han låg dødssjuk i respirator. Schau laga et ”stand up show” av hendinga, konsekvensen av dette var at skattedirektøren stilte opp på tv2 og sa at dette skulle ikkje skje igjen. Han sa blant annet at: ” Skjønn skal utvises når folk har fått betalingsproblemer på grunn av sykdom”. I følgje Nordbø ble det med uttalelsen.

Nordbø fortsetter vidare og fortelja om kor vanskeleg det er å bli kvitt udugelige folk innan det offentlige. Han fortel om kor mykje meir rettferdikt ting vert gjort i det offentlige, og seier at, direkte sitat: ”men i det offentlige finnes ikke reell kvalitetssikring. Alle skal med”.

Sitat av Dagfinn Nordbø: ” Politikerne vil igjen og igjen ta ordet Kvalitet i sin munn, selv om det forlengst er tømt for all mening. Og igjen vil det bli rykket inn svindyre helsides annonser, for da ser det iallfall ut som man har gjort noe”.

Min konklusjon av teksten er at, der er mye som eg syns blir litt i overkant. Han har nok mykje rett i det som han seier, men eg følar at han overdriv. Eg meiner også at det offentlige ikkje har gode nokk tilbod, og eg kjenner meg litt igjen i noko av det han seier. Blant anna det med kvaliteten på lærarar. Dette har eg sjølv erfart med lærarar som ALDRIG burde fått vore utdanna lærarar, men eg har også fått vore så heldig at eg har fått hatt nokon fantastiske personar som lærarar også.
Eg skulle ynskja Nordbø kunne tatt med meir konkrete eksemplar på kva som ikkje fungerer for han. Eg syns at det burde våre mindre av kva tankar og idear han har, å meir fakta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar