Oppgåver til Prinsessa som ingen kunne målbinda.
1: Typiske trekk for dette eventyret er at Ingen veit kvar dei befinn seg. Det er ingen som veit kor tid dei er skrivne eller kvar dei er skrivne. Eg finn også gjentakingar som for eksempel at Askeladden brukar mykje gjentaking, for eks. når han finn noko nytt langs vegen. ”Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å føra, eg førar ved den”.
Andre typiske trekk er at, det er tri brør, dei har kvar sin sjans til og målbinda prinsessa, og Askeladden greier det som tredje mann. Og ”premien” for å målbinda prinsessa, er Prinsessa, halve kongeriket. Utfordringa vert ofte vanskelegare for kvar gang. Siste gang er nok vanskelegare enn fysste gang.
2: Innleiing: Tittelen på Eventyret er ”Prinsessen som ingen kunne målbinde”
Eventyret er henta frå samlede eventyr, Gyldendal Norsk Forlag 1993.
Eit ekte folkeeventyr er ein forteljing av ukjent forfattar. Eventyra har ikkje eit spesielt opphav og det er heller ikkje lett og vita når dei er skrivne. Det vart brukte faste namn og typar i personskildringane, eit eksempel på dette kan væra Espen Askeladd.
Korleis fungerer eventyret i samfunnet?
Eventyr har ofte innslag av det overnaturlige, mens dette eventyret ikkje har det. Vi har dyreeventyr, som for eksempel reveenka. Moralsk funksjon, det å oppdra barn, kva som er rett og galt. Samanbindande element, det som binder Noreg saman.
Hovuddel: Andre typiske eventyrtrekk er gjentakingar, gjerna tri, fem, sju eller tolv. Det er sjeldan meir eller to aktørar samtidig. Eventyr har standard innlendingar, som, det var ein gang. Og det var ein gang eller austafor sol og vestafor måne. Avslutninga vert ofte avslutta med, så levde dei lykkeleg i alle sine dagar.
I eventyr verdt kun det viktigaste sagt. Det er lettare når historia blir fortalt vidare at kun det viktigaste blir sakt. Vi antar at når Askeladden finn ting langs vegen, vi forstår at han kjem til å få brukt for gjenstandane seinare. Dette kan vi kalle for eit frampeik. Dersom me får eit glimt av noko, veit me at dette kjem nokon til og få brukt for seinare. Heilt på slutten, kanskje når alt håp er ute, kjem gjenstandane til nytte. Ofte skil ein av dei tri hovudpersonane seg ut frå dei andre. Dette er Askeladden eit godt eksempel på.
Referat av Prinsessa som ingen kunne målbinde:
Det var en gang en konge som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne.
Derfor reiste tre brør, Per, Pål og Espen Askeladd for å målbinde prinsessa. For at ikkje alle som ville, og folk som var useriøse skulle prøve seg på prinsessa, sa kongen at de som ikkje kunne målbinde prinsessa skulle svimerkes på begge ørene med det store svimerket sitt.
Dette hindret likevel ikkje dei tri brørne på å målbinde prinsessa. Dei to første brørne klarte det ikkje, mens den siste Espen askeladd gjorde prinsessa målbunden, då han drog fram en ting etter en ting han fant langs vegen. Han vandt prinsessa, halve kongeriket og riket attpå.
Tema:
Temaet mener eg er at, ”ingen” trur at Espen Askeladd er den som kjem til og vinna prinsessa. Dette beviser bare at det er viktig og la alle få en sjans før vi dømmer andre. Ikkje døm nokon før dei har gjort seg fortent til og dømmas.
Kva er bodskape i eventyret?
Det kan komme av moral, askeladden er snill og i eventyret med reveenka hjelper Askeladden den gamle kona som har satt nesen fast i stubben, mens dei andre bare ler, og går vidare. Moralen i eventyret er, stol på deg sjølv, og vær mot andre som du vil andre skal væra mot deg. Dette eventyret ligg i skjemteeventyr kategorien. I denne kategorien er det en del bruk av humor og ironi.
Avslutning
Eg meiner at temaet er like aktuelt i dag, som det var en dagen eventyret starta.
Det er framleis viktig og ta vare på andre rundt oss, og være god med oss sjølve samt væra god mot andre. Det er noko som aldrig går ut på dato…
Samandrag av Torjusdøtrene:
Innleiing: Ho verdt vakna og får beskjed om at det er kyrkjetid. Ho gjer seg klar og tar vegen inn i skogen.
Avslutning: Ho møter desse ”vaddane” dei vil gifte seg med henne, og eller at dei vil ha sex med henne. Men dette vil ikkje ho, ho reagere med å sei at ho heller vil døy, en å verta i lag med ein av dei. Ho har høg standard. Det som skjer når ho fortel dei dette er at dei hogg henne i to delar. Ho vert drepen.
Når blodet hennar renn, begynn det og brenna, då røvarane såg at lyse brann, skjønte dei at dei har synda. Dei har gjort ein stor synd. Som straff, vert også dei brende. Moralen i dette er kanskje, straff for at ho ikkje ville reisa i kyrkja. Likevel er det her en konflikt mellom det gode og det vonde. Dei vonde straffes også, med at dei vert brende. Dette er ein etisk tekst, med det at det fortel ein historie.
Strofene er bygd opp ved rim og refreng. Til desse folkevisene var det vanlig og danse. Derfor var det viktig at refrenga var fengande.
Dette er en religiøs tekst, så teksten har eit religiøst motiv, eit motiv som du aldri finn i askeladden eventyra.
Eit anna element her er bruk av rim. Enderim. Tvei og dei for eksempel. Grunnen til dette er fordi dei er skrivne på dialekt, ofte på telemarksdialekt.
Moralen i denne folkevisa vil eg seia er at du må reisa i kyrkja saman med dei andre. Og at dersom du lar være å gå i kyrkja vil det gå gale. Moralen kan og være at det vert ein konflikt mellom det gode og det vonde. Denne folkevisa er også ein typisk episk tekst der dei fortel historia.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar